Salamanderen i Ljanselva – eller «gerrymandering» på norsk: ei varsla lokaldemokratisk katastrofe

Det renn ei stri elv søraust i Oslo, frå Lutvann, gjennom Skullerud og ned til Fiskevollbukta i Bunnefjorden. Det er Ljanselva. Ho flyt som ei naturleg grense mellom bydel Søndre Nordstrand på sørsida av elva, og bydelane Østensjø og Nordstrand på nordsida. Frodig natur omkransar Ljanselva med sitt yrande biologiske mangfald – skjønt salamandrar har ho ikkje, til det er strømmen for sterk. Men salamanderen er opphavet til begrepet gerrymandering, å teikne kartgrenser for å manipulere valresultat. Det var guvernøren for Massachusetts i USA, Elbridge Gerry, som i 1812 godkjende grenser mellom valkretsar som var teikna så kartet likna ein salamander. Gerrymandering har til hensikt å sikre seier til ei bestemt politisk side. Oslo-byrådets forslag til bydelsreform gjer at ein undrar seg om det er Gerrys salamander-strategi som har inspirert kartteiknarane i forslaget til ny inndeling av bydelane. 

Dette innlegget er skrevet av Guro Gravem Johansen, professor ved Karlstads Universitet og Prinsdøl

Oslo er klassedelt. Ingen andre stader i kommunen er skillet så skarpt som mellom sør- og nordsida av Ljanselva. 81-bussen si rute sørover frå Oslo sentrum er ei omvendt klassereise, først langs fjorden gjennom Nordstrand. Båe bydelane nord for Ljanselva har langt betre levekår enn gjennomsnittet for heile Oslo og liknar kvarandre på alle levekårsindikatorane, med høge inntekter, høgt utdanningsnivå, og ei etnisk homogen befolkning. Når bussen passerer Lja bru og svinger inn på Hauketo stasjon er vi brått i ein av dei fattigaste bydelane, langt under gjennomsnittet på alle indikatorane. 30 % av barna i bydelen veks opp i fattigdom, og 30 % av vaksne har inga utdanning utover grunnskolen. Helsedirektoratet åtvarar mot kombinasjonen låg inntekt, nedlegging av fritidsklubbar og trongboddheit, som gir barn og unge i Søndre Nordstrand høg risiko både sosialt og psykisk; for utanforskap og sårbarheit for rekruttering til gjengkriminalitet.

Lokalvala gjenspeglar skilnadane. I bydel Nordstrand fekk den partipolitiske blå blokka (Høgre, FrP, Venstre og Krf) 65 % av stemmane ved førre val, medan den rødgrønne blokka (Arbeiderpartiet, SV, Rødt og MDG) fekk 35 %. Østensjø gav 49 % stemmer til blå blokk og 51 % til rødgrønn, medan Søndre Nordstrand gav 39 % stemmer til blå blokk og 61 % til rødgrønn. Det diametralt motsette fleirtalet i Nordstrand og Søndre Nordstrand illustrerer ulike politiske interesser og at folk stemmer deretter. 

Søndre Nordstrand er eit av dei mest etnisk mangfaldige områda i landet. Det var hit nynazistar dro for å leite etter målskiver for sitt rasistiske hat. Åsbråten-drapet på Benjamin Hermansen rysta heile Noreg. Men i dei 25 åra som har gått sidan det forferdelege hendte har folk, politikarar og administrasjon i bydelen mobilisert. Mot rasisme og framandfrykt, stigmatisering, mindreverd og ungdomsarbeidsløyse; og for sosiale møteplassar, interkulturelle bydelsfestivalar og eit yrande kulturliv, støttande foreldreskap, at ungar skal delta i aktivitetar i ferien tross dårleg råd. Den kulturelle stoltheita, samholdet og lokale tilknytinga er eksepsjonell, med eit medvit om at i denne bydelen har ein ikkje råd til anna.

Men bydelsreformen føreslår å splitte Søndre Nordstrand i to, der Nordstrand får den eine halvdelen og Østensjø den andre. Det er katastrofalt.

Det vil slå ei kile inn det hardt tilkjempa fellesskapet og lede til svinn i lokalt engasjement.

Skilnadane langs Ljanselva er så store både politisk, sosialt, sosioøkonomisk og kulturelt at dei noverande homogene bydelane Nordstrand og Østensjø vil slite med enorme interessekonfliktar når politikarar skal prioritere.  

Styrkeforholdet mellom ulike sosiodemografiske grupper vil også bli skeivt, gjennom det som er den klassiske gerrymanderiske effekten cracking. Folkevalde som representerer fleirtalet i dei nye bydelane kjem neppe til å prioritere behova til multikulturelle og sosioøkonomisk utfordra folkegrupper. Nordstrand og Østensjø har kvar for seg allereie ei større befolkning enn Søndre Nordstrand. I ei eventuell grenseendring vil alle med stemmerett frå Søndre Nordstrands delbydelar utgjere 26 % i nye Nordstrand, og 27 % i nye Østensjø. Dessutan veit vi at dess dårlegare levekår ein har, dess lågare er valdetalkinga. I lokalvalet i 2023 stemte ca 74 % i Nordstrand, 68 % i Østensjø, og 52 % i Søndre Nordstrand. Om vi reknar utifrå korleis folk stemte i lokalvalet i 2023, ville blå blokk i det nye Nordstrand fått 60 % og rødgrønn blokk 37 % (alle småparti er ikkje med i summen). I nye Østensjø ville blå blokk fått 48 % og rødgrønn 52 %. Båe resultat er langt unna blokkfordelinga i dagens Søndre Nordstrand. Når lokalpolitiske prioriteringar i dei to nye bydelane styrast av livserfaringane til den etnisk homogene, øvre middelklassen, risikerer vi at valdeltakinga i Søndre Nordstrand går enno meir ned fordi marginaliserte grupper vil oppleve at deira stemmer ikkje blir høyrt i samfunnsutviklinga. Dette er splitt og hersk for lokaldemokratiet og folk i Søndre Nordstrand. 

Men dei er vande med å kreve å bli høyrt og å kjempe motstrøms. Dei kjem ikkje til å gi etter for forsøk på gerrymandering. Til det er strømmen for sterk.

Legg igjen en kommentar

Blogg på WordPress.com.

opp ↑